VÅR HISTORIE
Gullhuset Odda er ein gullsmedbutikk med verkstad som vart etablert i mars 2019 og ligg midt i sentrum av Odda, byen i Hardanger. Bak firmaet står gullsmedmeister May Helen Bleie. Bakgrunnen for namnet er kjøpet av Gullhuset frå Haugesund i 2018, og ho valgte å ta dette navnet vidare når ho starta opp i Odda.
På Gullhuset har me sidan oppstarten hatt rundt 5000 reparasjons / redesign / ombyggings-oppdrag. Me har to tilsette i fast stilling, gullsmedmeister og innehavar, ein butikksjef som tek seg av butikken. I tillegg har me frilans gullsmedar og gode hjelparar som er inne som ekstrahjelp ved behov.
