Mandela
Møt vår leiar, direktør og storsjarmør, her avbilda med det nydelege Rødkløversmykket i forgylt sølv frå Arven!
Mandela kom til verda i Larvik ein sommardag i mai 2018. Han vart kalla opp etter ein stor mann, ein leiar for ein nasjon, eit folk, president Nelson Mandela.
May Helen sin draum har alltid vore å verta i lag med ein president, så Mandela måtte berre bli med ho heim.
Den lange turen over fjellet til Hardanger vart tøff for kvalpen, langt vekke frå flokken sin, men då DumDum Boys med «Enhjørning» kom på radioen, vart det stilt.
Det er ikkje mange som ser han i butikken, ettersom reviret hans kun omfattar verkstaden, grunna litt skvetting på ein tilfeldig postmann, men Mandela kosar seg der. Sjølv om han sit «uskuldig fengsla» kjem dagmamma Randi og hentar han for lange turar kvar dag, for å helsa på folket. Mandela er ein folkeglad krabat med sans for mat, og aller helst den du et, og som einaste hanen i flokken, vert dermed Mandela ein Gullgut i flokken av Gulljenter, og er ein særdeles triveleg humørspreiar i kvardagen.