
May Helen Bleie
Sjef, eigar, gründer, grunnleggjar, gullsmed – det er May Helen, det.
May Helen er den uredde og ambisiøse visjonæren og gründer og eigar av Gullhuset Odda. Kva ho ikkje får til har me enda til gode å sjå, for når May Helen har bestemt seg for at noko går, så går det, og det er difor ikkje så rart at ho har ein utprega «alt går»-haldning.
May Helen er aldri redd for ei utfordring, og inga utfordring er for stor for ein med «alt går»-haldning, sjølv om «alt går» stundom må justerast til «alt må prøvast». For har ein ikkje prøvd, kan ein ikkje seie at noko ikkje går.
May Helen sjonglerer butikkdrift, reparasjonar og andre oppdrag, meisterbrev og førti andre ting med stødig hand, og ingen kan kome å seie at noko er halvgjort sjølv om ballane i lufta er mange: May Helen har full kontroll!