Silje Brukås
Du har ikkje sett ho så ofte framme i butikken, men Silje Brukås er ein av gullsmedane på huset og dermed ein av Gulljentene.
Silje er utdanna gullsmed, men i tillegg har ho også vidareutdanning som gemmolog – spesialist på edelsteinar – eit eige yrke i smykkeverda.
Silje har erfaring frå salg hos Thune i Tigerstaden og sit på unik kunnskap me er så heldige å dra nytte frå. Ho er nøye, strukturert, held høg, fagleg kvalitet og er svært dedikert til oppgåvene.
Skal du ha eit spesialoppdrag, så avtalar me ein time med Silje. Då får du moglegheit til å presentera din visjon og ditt bodskap, kva du meiner er viktig med smykket du skal få laga, før du får skisser av ditt unike og skreddarsydde smykke av gullsmeden sjølv.
Silje har allereide utført mange skreddarsydde prosjekt til både privat- og bedriftskundar, og me er utruleg glade for å endeleg kunna presentera Silje som gullsmed nr. 3 på huset!